Vi fekk dette lagt inn på gjesteboka
vår:
forfatter ukjent......?
"Ei
imponerande bra heimeside!!
Men det er fortsatt mogeleg å gjere den enda betre. Her er nokre
tips. Tar ein f.eks. for seg reportasjen om Jola Cupen i Kinsarvik
2002, så er den noko mangelfull. Dette er alt som står:
Odda og Soldal's møttest i finalen. 3 sett måtte til før
Soldal's tuppa inn seiers-serven på 16 poeng.
Det virkar som om nokon prøver å skjule kva som eigentleg
skjedde. Eg har forhøyrt meg litt blant dei laga som deltok, og
tenkte å referere det i korte trekk.
"Oddavolley (OV) satsa stort på Jola Cupen 2002. Treningar
tre gonger i veka. Dei har deltatt i fleire turneringar i løpet
av hausten, for å vere best mogeleg rusta.
OV kom i ei veldig lett pulje. Fyrst møtte dei ein gjeng med
syklistar. Men sjølv mot dei klarte OV så vidt å dra seieren i
land. Neste kamp var mot eit jentelag få Urheim. Nok ein
flakseseier. Ein kan nok sei at vegen til finalen var enkel. Men
OV gjorde det veldig vanskeleg for seg sjølv.
Soldal's vant Jola Cupen i 2001. Derfor ynskte arrangørane at dei
skulle bli slått ut så tidleg som mogeleg. Og plasserte dei i
gruppe med lag alle var nevnt i favoritt sjiktet. Soldal's hadde
ikkje spelt saman sidan Jola Cupen 2001. Og var derfor litt usikre
på korleis formen var. Fyrste kampen var mot Meling's. Eit lag
med mange gode spelare. Og det var kamp om kvart poeng. 2-1 i sett
vart tilslutt resultatet. Neste kamp var mot eit veldig bra
studentlag. Også dette var ein kamp der spelarane var sveitte
etterpå. |
Etter
to slike jevne og psykisk harde kampar, regna nok OV, og dei
fleste andre med at Soldal's hadde gjort sitt i denne turneringa.
Slitet i innleiande rundar hadde og redusert spalarstallen til
Soldal's. Dei måtte før finalen gje slepp på ein av dei beste
spelarane sine, som måtte avgårde og klyppe seg. OV var derfor
veldig sikre på at finalen ville bli lett match.
Men slik gjekk det ikkje. Soldal's merka veldig tidleg i fyrste
sett, at OV var eit rimelig dårleg lag. Og Soldal's vant enkelt.
Det var ein kjedelig kamp for publikum. Og i pausen mellom fyrste
og andre sett registrerte Soldal's at fleire av tilskodarane hadde
sovna. Dei bestemte seg derfor for gje det andre settet til OV.
Det var ein tabbe. Etter å ha vunne eit sett vart med ein gong OV
rimelig kjepphøge. Og lite trivelige.
Den julehelsinga som Soldal's hadde gitt OV, vart ikkje motteke
slik den burde. Med respekt. Soldal's hadde derfor ikkje noko anna
valg, enn å setje dei på plass i tredje settet. 8-2 var
stillinga då publikum sovna igjen. Med all mogeleg respekt for
publikum lot Soldal's, OV få nokre poeng. Og for å gjere Jole
Cupen 2002 i Kinsarvik til ein minneverdig turnering, la Soldal's
opp til litt spenning mot slutten. 14-14 i siste sett. Men det var
grenser for julestemning. Og det var og på tide å komme seg heim.
To kjappe poeng frå Soldal's. 16-14, og ein ny pokal og
TWIST-pose til Soldal's.
Imponerande var kommentaren som gjekk igjen blant tilskuare. Og
Oddavolley? Dei var og imponerte over dette Soldal's laget. Og
innrømte at dei nok framleis hadde mykje å lære."
Så enkelt kan ei heimeside bli mykje betre. Dersom ein ikkje er så
voldsom subjektiv i reportasjanen. Prøv å referere det som skjer
på objektiv og korrekt måte, blir sida mykje meir interessant å
lese. Og for dei som ikkje kjem frå Odda.
Dette til etteretning." |
|